Ned i vester soli glader

Ned i vester soli glader.
Takk for dagen Gud og Fader
gjev oss trygd til natti no.
Takk for mat og takk for klede,
Takk for arbeidskraft og glede
Gjev oss hjartefred og ro,
gjev oss hjartefred og ro.

Gud og Fader lat oss sova
under englevakt i stova.
Ver vårt vern i natti du!
Når so siste dagen dalar,
lyft oss upp i dine salar.
Lei oss yver stjernebru,
lei oss yver stjernebru.

– Anders Hovden